Godt Nytt År


Godt Nytt År


2024 har i skrivande stund att berre nokre timar før vi går over i 2025

Kyrkja i Skjåk har snart lagt bak seg eit år fylt av glede og sorg saman med våre sambygdingar 

For å markere starten på eit nytt ,ubrukt år starta kyrkjene i Lom og Skjåk opp med å halde nyttårskonsert på fyrste nyårsdag. 2025 er det Garmo kyrkje som skal fyllast med ord og tonar frå det klassiske og folkemusikken  i Ottadalen:

Medverkande:
Martin Steinum Brun vokal
Iselin Aukrust vokal og fele
Vegar Vårdal fele
Lasse Tronstad trompet og bukkehorn
Vemund Olav Aukrust orgel

Rasim Ramazanov piano
Endre Skjåk tekst

Billettar kr.350- u/18 år gratis

Kan kjøpast på førhand eller i døra
Vipps nr 941609

Arrangør :Lom kyrkjelege råd og Skjåk kyrkjelege fellesråd


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nyårskveld

Aslaug Høydal f.22.12. 1916. i Seljord   d.20.07.2007 i Skjåk.

Det bivrar so fint bak ruta ,ein tåreblank nyårskveld

Den seinste dagen i året, hev gøymt seg bak mine fjell

Bak mine fjell.

I stogo so logn ved gruva ,sit huslyden samla til ro

I bringa rår von og venting for det som skal hende no

For det som skal hende no.

Eit vonefullt år er på  vegen ,ein ungdom so lett og fri.

Han susar fram gjennom rømdi og svingar med fana si

Og svingar med fana  si.

Ein ungdom med fred i hugen ,ein skjøneklår vinterkveld.

Godt nyår til heile verdi ,han helsar frå høge fjell

Helsar frå høge fjell.

Det svarar frå mange munnar eit stort og jublande kor

I natt når nyåret vaknar ,me helsar med fred på jord,

Med fred på jord.

Tilbake