Orientering om vigsel


Orientering om vigsel


Orientering om vigsel i Skjåk og Nordberg

 

                                         

                        Skjåk kyrkje                                                       Nordberg kyrkje   

Orientering om vigsel i Nordberg kyrkje og Skjåk kyrkje.

Ønskjer du/dykk å gifte dykk i Skjåk eller Nordberg?

Her får de ei hugseliste ved planlegging av vigsel i kyrkja:

Sjå og www.kirken.no.

 Før vigsla skal Skatteetaten /Folkeregisteret gjere ei prøving av ekteskapsvilkåra.

Fyll ut og lever i god tid til Skatteetaten desse skjema:

”Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra” og ”Forlovarerklæring” og eventuelt skjemaMelding om endring av navn”.

Skjema finn de på www.kirken.no, eller de kan få det utlevert / tilsendt frå Skatteetaten  Prøvingsattesten er gyldig i 4 månader.

Prøvingsattesten, som de får etter å ha levert dei to skjema, vert utdelt av Skatteetaten

Kyrkjekontoret må ha prøvingsattesten seinast 3 veker før vigsla

Be Skatteetaten sende prøvingsattesten til:

Skjåk kyrkjelege fellesråd  

Kommunehuset, Moavegen 30 ,2690 Skjåk, eller send / lever den sjølve til oss.

 

  • Før vigsla, gjerne same veka, har presten ei samtale med dykk i kyrkja.  

Ein øver også på seremonien og får ei orientering om det praktiske.

  • Brudeparet kan ta kontakt med organisten vedrørande inn- og utgangsmusikk.

Vi brukar salmar frå ”Norsk salmebok” eller frå ”Salmar 1997”.

  • Om de vil ha trykte program, sørgjer de for dette sjølve. Hugs å avtala salmar osb. før programmet går i trykken.
  • Brudeparet kan spørje forlovarar eller andre om å delta under vigsla med skriftlesingar. Høvelege dikt kan og lesast. Dette bør vera avklara før samtalen med presten.

Teksten til skriftlesinga finn de på www.kirken.no under tema:

”Livets gang”

Vi gjer merksam på at tekster og andre innslag under vigsla må godkjennast av presten på førehand. Val av musikk godkjennast av organisten.

Organisten vår heiter Eirik Matias Urdi

Kontakt på eirboe@gmail.com eller telefon 993 67 323.

  • Vigsla er gratis for brurepar som er busette i Skjåk.
  • Har brurfolka forelder/foreldre med folkeregistrert adresse i Skjåk er det kr.2.000,-
  • kr. 4.000,-for utanbygdes, som vert fakturert i etterkant og det kan  kome eit tillegg for ekstra arbeidstid for kyrkja sine tilsette .t.d.opne kyrkja for øving og leige av andre aktørar.
  • Pynting av kyrkja er dykkar ansvar. Ein pyntar i samsvar med gjeldane skikkar og i samarbeid med kyrkjetenar. NB! Hugs å avtale tid for pynting i kyrkja.
  • Viss det er musikalske innslag i seremoni ,er kyrkja open for dette 2 timar før seremoni eller etter avtale 

Lykke til, og velkomen til samarbeid om den store dagen!

  Nyttige tlf. nr. og adresser:

 Skjåk kyrkjelege fellesråd, Moavegen 30,2690 Skjåk

Tlf:  90 95 64 37   948  62 267  e-post kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no

Opningstid:

Månd. – fred. kl. 10.00 – 14.00

  Besøksadr:

  Kontor i Skjåk Energi sitt bygg ved sida av kommunehuset i Bismo,  

   Moavegen 28 A.               

                                              

 

Tilbake